Oslo Jazzfestival: Karl Seglem – Mytevegar
Urfremføring av verket «Mytevegar»
- Torsdag 17. august 2023
- 20.00
- Oslojazz.no
- 18 år. Dørene åpner kl. 19.00
- 350/262,50
Gamalnordiske mytar i eit klimakriseperspektiv
Karl Seglem er ein grensesprengjande musikar på tenorsaksofon og bukkehorn, og bevegar seg uanstrengt i eit landskap mellom jazz, folkemusikk, world jazz og fri impro. Som ein uredd utøvar og komponist blandar han gjerne uttrykk som spenner frå den akustiske folkemusikken via jazz til elektronika.
Med sine over 30 år som plateartist og meir enn 40 album, har Karl Seglem framleis den musikalske nysgjerrigheita si og skapt sitt heilt eige uttrykk. Han bruker ofte folkemusikken som basis for improvisasjonane sine, og med hardingfele som fast instrument i eit av ensembla sine, har han ei solid forankring i det urnorske. Som utøvar er han ei unik stemme som stadig klarer å vera nyskapande og tradisjonsberande på ein og same tid. I klangverda hans er det rom for både det meditative og det rytmiske. Karl Seglem sin varierte og nyskapande bruk av bukkehornet er også heilt unik.
Mytevegar hentar sin hovudinspirasjon frå myten om Balders død i norrøn mytologi. Karl Seglem set myten inn i eit øko-filosofisk klima-perspektiv der også eigen poesi inngår. Verket samlar på fleire måtar trådane frå Øko og Verdsarv, utgjevinga Nunatak (2018) og Seglems siste diktsamling Djup redsle. Djup ro. (2022). Seglem urframfører verket på Oslo Jazzfestival 2023.
Karl Seglem (tenorsaksofon, bukkehorn, stemme), Erlend Viken (feler, vokal), Håkon Høgemo (hardingfeler), Andreas Ulvo (piano, synth), Andreas Løwe (el. piano, synth), Hallvard Gaardløs (bass, vokal), Kåre Opheim (trommer), Alf Magne Hillestad (perkusjon, elektronikk), Birk Nygaard (lysdesign), Asle Karstad (lyddesign)
Old Norse myths in context of the current climate crisis
Karl Seglem is a ground breaking musician on both tenor sax and the traditional norwegian instrument “bukkehorn” (billy goat’s horn). He seamlessly moves between jazz, folk, world jazz and free improvisations and mixes expressions from acoustic folk with electronica and jazz.
With 30 years as a recording artist and over 40 albums later, Karl Seglem has not lost his curiosity and is creating a musical expression unlike anyone else. Folk is often at the base of his improvisations and with the fiddle as basis for his ensemble he is rooted in Old Norse traditions. As a performer he’s got a unique voice that manages to be inventive and traditional at the same time. In his universe, he embraces both the meditative and the rhythmical. His use of bukkehorn is also something entirely different and unique.
The piece Mytevegar (Myth.Path.Hope) is inspired by the Norse myth of the death of Balder. Seglem tells the myth in the context of eco-philosophy and the current climate crisis in combination with his own poetry. In many ways, this piece connects his work Øko og Verdsarv, utgjevinga Nunatak (Eco and World heritage, the album Nunatak) (2018) and his latest collection of poems Djup redsle. Djup ro. (Deep fear. Deep tranquility) (2022).
Karl Seglem shares the world premiere of Mytevegar with us at Oslo Jazz Festival 2023.
Karl Seglem (ten.sax, bukkehorn, voice), Erlend Viken (fiddles, vocals), Håkon Høgemo (hardingfiddles), Andreas Ulvo (piano, synth), Andreas Løwe (el. piano, synth), Hallvard Gaardløs (bass, vocals), Kåre Opheim (drums), Alf Magne Hillestad (percussion, electronics), Birk Nygaard (light design), Asle Karstad (sound design)
Sesongkort for Nasjonal jazzscene gjelder dessverre ikke på Oslo Jazzfestival sine konserter.