
NMH jazz – jubileumskonsert
- søndag 19 november 2023
- 20:00
- nmh.no/nmh-jazz-jubileumskonsert
- 18 år. Dørene åpner kl. 19.00
- 280/230/180
Billettinfo: Publikum under 23 år og NMH-studentar og -tilsette: 180
Jazzutdanninga ved Norges Musikkhøgskole feirar 20 år i skulens 50-årsjubileumsår. Sånt blir det storbandkonsert av!
Den første jazzutdanninga på høgskolenivå i verda starta, av alle stadar, i Frankfurt i 1928. Av grunner dykk kan rekne ut sjølve, blei dette stoppa i 1933, og den første staden der ein kunne få ein grad, blei North Texas University i 1947. På NMH opna ein etter kvart opp for å gi musikarar med rock-pop-jazz-instrument tilbod om pedagogisk utdanning litt ut på 80-talet, men derfrå til opprettinga av eit eige studium gjekk det ytterlegare 20 år. Så mens NMH feirar 50-årsjubileet sitt, er jazzlinja ein ungdom på snaue 20!
Vi har saumfare listene over tidlegare studentar og sett saman ein bukett som går heilt tilbake til den spede byrjinga tidleg på 70-talet, via dei første pedagogikk-studentane som fylte ped.-rommet med superlokriske herlegdommar – og til singer-songwriter- og impromiljøa som vaks fram i kjelleren i det etterlengta 2. hus. Alt dette og meir til er å finne i og foran kveldens utgåve av NMHs storband, med spreke arrangement frå skolens jazzkomponistmiljø, under leiing av skulens stoltheit, Geir Lysne.
Hald av denne søndagskvelden til ein tur på Nasjonal Jazzscene, vi lover ein kveld for minnebøkene!
Foto: Helge Lien
Arrangør er Norges Musikkhøgskole, likevel gjelder sesongkort for Nasjonal jazzscene!