AKERSHUS OG OSLO UNGDOMSJAZZORKESTER – 10 ÅR!

Festkonsert med ung jubilant

  • Fri alder, dørene åpner kl. 18.00
  • 100 kr / gratis for alle under 25
  • Kjøp/ få billett her!

Akershus og Oslo ungdomsjazzorkester fyller 10 år og inviterer til heidundrande festkonsert på Victoria Nasjonal jazzscene laurdag 15. juni.

Tida flyg når ein har det gøy – og svosj, så var det gått 10 år sidan Østnorsk jazzsenter tromma saman det aller første av etterkvart seks regionale ungjazzband på Østlandet. I løpet av denne tida har ungjazzensembla markert seg som vitale tilskot til norsk jazzliv og som svært produktive rugekasser for unge jazzmusikarar. Berre i Akershus og Oslo ungdomsjazzorkester har til saman 121 ungdommar vore innom ensemblet. Bandet har spelt på klubbar og festivalar i inn- og utland, blitt faste programpostar på både Moldejazz og Oslo jazzfestival, gitt ut album med originalskrive musikk – og det har til og med blitt laga ein dokumentar om Akershus og Oslo ungdomsjazzorkester: «Om å spille sammen – som seg selv».

På denne festkonserten får du høyre dagens besetning med 20 unge musikarar i alderen 14-19 år under leiing av komponist, trommeslagar, rappar og slampoet Olav Abildgaard. Du får også høyre to årgangsversjonar av ensemblet med 28 tidlegare medlemmar under leiing av komponist, saksofonist og tidenes første Ungjazzpris-mottakar Shannon Mowday. «Veteranane» er i dag i 20-åra og i ferd med å etablere seg som profesjonelle utøvarar og nye stjerner på den unge, norske jazzhimmelen.

Akershus og Oslo ungdomsjazzorkester anno 2024:

Aurora Maria Mulvik Skomsvoll – vokal, Julia San Miguel Bjørneng – fløyte, Evelina Innervik – fløyte, Erin Dahl Gaare – saksofon, Jørgen Granly Jørgensen – saksofon, , Eivind Urnes Berg – saksofon, Sigurd Nyhus Raude – trompet, Oliva Halle – trompet, Ole Koppang – trompet, Jacob Edwards Granly – trompet, Mads Torkildsen Brodahl – trompet, Jonatan Slettli Amdam – trombone, Erik August Refstie – trombone, Petter Lerdalen – gitar, Eva Damberg Reistad – piano, Edvard Alsing Seland – piano, Ola Menes Sørensen – bass, Jakob Bakkevoll – kontrabass, Haldor Vilberg-Jansen – trommer/perk, Bernhard Rafael Falkeid Butenschøn – trommer/vibrafon

Musikalsk leiar: Olav Abildgård

Akershus og Oslo ungdomsjazzorkester – alumniensemble:

Ingeborg Gravem Sollid – vokal, Sara Sørbye Visel – fløyte, Ingrid Emmariza Udnes – fløyte, Børge Brustad – fiolin, Oskar Lindberget- saksofon, Ingrid Narum – saksofon, Erik Egge Jordheim – saksofon, Zakarias Meyer Øverli – saksofon, Bjørn Støle Almhof – saksofon, Erik Kildal-Johansen – saksofon, Erlend Rolfsen – trompet, Mikkel Dahl Amundsen – trompet, Tuva Olsson – trompet, Eira Elise Øverås – trompet, Oscar Brodahl – trompet, Mads Brodahl – trompet, Jørgen Bjelkerud – trombone, Eirik Kosberg – trombone, Emil Bø – trombone, Sander Gimse – trombone, Jesper Kramer-Johansen – cimbasso, Erlend Wiggen Bliksrud – gitar, Iver Cardas – gitar, Ola Erlien – piano, Gard Hvammen – piano, Johannes Midbrød Elnan – contrabass, Gard Kronborg – el.bass, Emma Jørnsdatter Østberg – trommer, Ole Calmeyer – trommer

Musikalsk leiar: Shannon Mowday

Stor takk til Akershus fylkeskommune som tildelte det utløysande prosjekttilskotet i 2014. Midlane sette fart i ein omfattande ungjazzsatsing i regi av Østnorsk jazzsenter!

Konserten er støtta av Sparebankstiftelsen DNB, Norsk jazzforum/Frifond, Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund, og er ein del av Østnorsk jazzsenters Ungjazzfestival som held fram på Victoria Nasjonal jazzscene søndag 16. juni kl16 med Buskerud ungdomsjazzorkester, Innlandet ungdomsjazzorkester, Ungdommens improorkester, Ung vokal, Østfold ungdomsjazzorkester og Akershus og Oslo ungdomsjazzorkester.


Selv om vi ikke er arrangør, gjelder NJS sesongkort til denne konserten!